fredag 25. februar 2011

Boktips februar

Helga Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må.


Helga Flatland debuterte med denne boka i 2010.

Hendingane i boka er lagt til ei mindre norsk bygd, og kunne slik sett gjerne være frå vårt område.

4 kameratar frå denne bygda reiser til Afghanistan, 3 av dei kjem ikkje att i live.

Kva slags krefter er det som får ungdom til å dra ut slik? Er det idealisme, eller er det flukt? Og kva gjer ei slik ulykke med eit lite samfunn. Det er dette boka set søkelyset på.

To av gutane, Tarjei og Trygve fortel si historie fram til avreisa og avslører at motivet for å dra var heller tynt. To av dei vaksne, ei mor og far til ein venn, gir oss sitt bilde av bygda både før og etter ulykka.

Boka vekslar mellom bokmål og nynorsk, begge deler godt skrive.

Oddlaug

Ingen kommentarer: